Avskjedshilsen fra Jan Magnus

For fem år sidan fekk eg draumejobben. Eg skulle vere ungdomsleiar i Misjonssalen – i mi eiga menigheit. Eg kunne nesten ikkje tru det var sant. Fem år seinare sit eg på kontoret for siste gong. I alle fall for siste gong på ein full, «vanleg» kontordag. Det er vanskeleg å tru at det er sant det òg. 255 veker har i skrivande stund gått sidan eg hadde min første arbeidsdag. Dei fleste av desse vekene med forkynning, lovprising og nattverd i Misjonssalen laurdag og søndag – og resten stort sett med digitale gudstenester. Å ha vore med å legge til rette for at dette skjer har vore stort!

Det er vanskeleg å heilt vite kva ein skal skrive når ein skal skrive ei «siste helsing» som ungdomsleiar. Så mykje kunne vore sagt om dei siste fem åra i Misjonssalen, på godt og vondt. Vi har vedteke ein ny, flott visjon. Vi har fått starta både nytt ungdomsarbeid og eit tilbod for «litt eldre unge vaksne». Vi har opplevd å gå over eit halvt år i strekk (!) utan fysiske gudstenester på grunn av covid-19. Det har skjedd mykje.

Gjennom fem år har eg også fått ha kontakt med veldig mange fantastiske menneske, brør og søstre.
Takk til alle medlemmar for alle smil, samtalar, engasjement, ris og ros, forbøn og omsorg som de har vist meg gjennom desse fem åra. Eit av dei største privilegia eg har hatt og noko av det som har gitt meg mest energi gjennom desse åra er kontakten med dykk. At de er så glade i menigheita, at de ønsker at det vi formidlar skal vere sunt og sant, at de tek nye initiativ, at de ønsker å sjå menigheita ta nye steg mot det vi kan bli – alt dette har vore drivstoff for meg, og utruleg viktig for både stab og styre.

Takk til alle dykk som har stått i frivillig teneste for fellesskapet vårt. Eg blir rørt av å tenke på kor mange frivillige timar og kor mykje kjærleik og engasjement som leggast ned i arbeidet vårt gjennom eit år – for ikkje å seie fem! Å samarbeide med dykk har vore ei glede. Særleg vil eg takke dei som har vore mellomleiarar og tatt ekstra ansvar for ei tenestegruppe. Stemmane dykkar blir lytta til og har vore viktige, og de har vore fantastiske medarbeidarar for meg.

Takk til alle som eg har fått jobbe saman med gjennom åra mine her i Misjonssalen. Staben og samarbeidet der har vore ein stor trivselsfaktor for meg. Her må eg særleg trekke fram Jan Erik Lehre. Eg har nytt stor tillit, og fått mykje ansvar. Takk for at du har lagt til rette for at eg skulle vekse inn i rolla mi. Takk for faderleg omsorg og for vegleiinga du har gitt – også når det har vore kjipe ting. Takk for at du har hatt trua på meg og tatt meg på alvor. Eg har fått gå ein god skule når eg har fått vere medarbeidaren din, og hatt deg som sjef og forbilde.

Dei siste fem åra synest eg det har skjedd mykje oppmuntrande i Misjonssalen. Konfliktnivået er lågare no, avstanden mellom aldersgruppene opplevast mindre og vi fangar opp fleire av dei vi kanskje hadde mista for nokre år sidan. Mange blir utrusta og frimodiggjort til teneste – både i Noreg og i teneste på Misjonssambandet sine misjonsfelt ute i verda. Eg gler meg verkeleg til å vere med som medlem og frivillig i den vidare utviklinga, for utvikling er framleis mogleg, og nødvendig.

  • Konfliktnivået i Misjonssalen er (kanskje) historisk lavt – tenk om vi kan vere kjent for vår kjærleik til kvarandre!

  • Nye menigheiter er starta i Groruddalen og på Tøyen – tenk om vi kan sjå endå fleire menigheiter planta!

  • Utsendingar har blitt vigsla og sendt ut frå Misjonssalen – tenk om endå fleire kallast og sendast ut for å vere med å nå verda for Kristus!

  • Misjonssalen er blitt eit varmare fellesskap – tenk om vi kan kome endå nærare dei bibelske ideala, at kyrkja opplevast som (og er) ein heim, ei familie, ein kropp!

  • 25+ fangar opp ei gruppe som vi mista ganske mange frå tidlegare – tenk om det kan føre til at fellesskapet vårt blir slik at 25+ som tilbod ikkje trengs!

Mi audmjuke meining er at potensialet for Misjonssalen er nesten utømeleg. Og vi har ein ny, flott stab og ein ny pastor i Ole Martin Rudstaden som skal hjelpe oss som fellesskap å nå noko av dette potensialet, ta nokre nye skritt. Eg håper de vil vere med å be for dei, prate med dei, heie på dei og ta aktivt del i dei neste stega på vegen for Misjonssalen. Så spanande å vere med på Guds arbeid her i Oslo!

Det aller viktigaste for meg har vore, og er, at (unge) menneske skal få ein grunnfesta og trygg identitet i Jesus Kristus som Guds barn. At dei skal få høyre og sjå at deira synder er tilgitt og deira pris er betalt, og at dei kan få evig liv hos Jesus – eit liv som startar no. At vi med Paulus kan seie: «eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.» (Gal 2,20) Dette skal eg heldigvis få fortsette å jobbe med på Bibelskolen Fjellhaug. Så skal eg også få vere med på det som skjer her i Misjonssalen. Den flotte menigheita mi, med visjonen «elske – vitne – vokse». Eg gler meg.

Jan Magnus

Misjonssalen Oslo